Ledig stilling:

Rektor Torvmyrane skule
 Kinn kommune

Søknadsfrist: 08.09.2024

Rektor

Torvmyrane skule

Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Torvmyrane skule. Som rektor/tenesteleiar vil du og ha ansvar for ein 5-avdelings barnehage. Stillinga er ledig frå 01.10.2024. Leiinga ved skulen består av rektor, inspektør for skule og inspektør for barnehage. Rektor sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.

Skulen er lokalisert i bydelen Botnaholten/Torvmyrane/Solheim i Florø, og grensar mot variert naturområde i Brandsøyåsen. Skulen vart bygd i 1998, og bygget og uteområdet er utforma med areal tilpassa undervisning for grunnskule- og barnehagedrift i ein organisasjon.

Hausten 2024 vil skulen ha omlag 180 elevar fordelt på 1-7 årstrinn og Innføringsklasse for nyankomne, SFO-tilbod med 70 elevar og barnehageavdeling med 70 barn. Samla ved eininga er det omlag 60 tilsette. 

Torvmyrane skule har ulike faggrupper med god utdanning og høg kompetanse. Dei tilsette jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap med felles visjon "Alle barn er alles barn".

Skulen si målform er nynorsk.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist:  08.09.2024
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Stad: Florø
Stillingstittel: Rektor
Heltid / Deltid: Heltid
Tilsetjingsform: Fast

Arbeidsoppgåver

Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innan tildelte rammer. Det ligg og personalansvar for organisasjonen sine tilsette i stillinga. 

Som rektor skal du:

  • Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål.
  • Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
  • Leggje til rette for gode læringsprosessar, der ein set profesjonsutvikling, barna og elevane sitt læringsmiljø, læringsutbytte og sosial utvikling og -samhandling i sentrum. 
  • Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
  • Vere ansvarleg for at organisasjonen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar. 
  • Arbeide målretta med å inkludere barn, føresette, tilsette og tillitsvalde i organisasjonen sine utviklings- og avgjerdsprosessar.

Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med:

  • Godkjent utdanning for tilsetting og undervisning i grunnskulen
  • Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som rektorutdanning eller liknande
  • Undervisningserfaring frå grunnskule
  • Leiarerfaring innanfor grunnskuleområdet
  • Økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk
  • Forvaltningskompetanse
  • Erfaring frå å leie skule- og barnehagebasert utviklingsarbeid
  • IKT-kompetanse for å nytte IKT som verkty i arbeidet som skuleleiar
  • Kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg
  • Kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein:

  • samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for skulen og barnehagen si utvikling og eigenart.
  • lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte.
  • som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
  • som er opptatt av barna si læring og utvikling, og er ein pådrivar for å utvikle eininga etter eigne, kommunale og nasjonale mål.
  • som har blikk for eininga si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • som er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft.
  • som har god systemforståing, god kjennskap til eininga sine styringsdokument, samt HMS-arbeid
  • som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i skule/ barnehagemiljøet og i rektorkollegiet.

 

Det vil bli lagt stor vekt på det å vere personleg eigna. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden. 

Vi tilbyr

Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingar.
Fagleg leiarfellesskap saman med 10 andre rektorer og 12 styrarar.
Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger

Lønn etter avtale

Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3. 
Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall daglønner.

Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift. 

Offentleg søkjarliste

Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unnateke offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit, dersom dette ikke kan imøtekommast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.

Kontaktperson:

Runa Nybakk, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, mobil 482 82 533

Søknadsfrist:  08.09.2024

Søk på stillingen her

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Powered by Labrador CMS