Ledig stilling:
Tenesteleiar/rektor i Bykle kommune
Søknadsfrist: 11. juni 2026
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein liten skule med store moglegheiter, tett på elevar, tilsette og lokalsamfunn. Som rektor ved Fjellgardane skule får du ei synleg og viktig leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen og lokalmiljøet.
Om stillinga
Fjellgardane skule ligg på Hovden, øverst i vakre Setesdal, og er ein 1.–7. skule med litt over 40 elevar og 15 tilsette. Skulen har eit trygt og inkluderande læringsmiljø, engasjerte tilsette og tett kontakt med lokalsamfunnet. Vi ønsker ein rektor som vil utvikle vidare det gode fagmiljøet og styrke arbeidet med læring, trivsel og samarbeid – til beste for elevane våre. Du blir ein del av eit tett og godt samarbeid med barnehageleiar, kultur- og fritidsleiar og kommunalsjef.
Kvifor velje Fjellgardane skule?
På Fjellgardane skule får du som rektor stort handlingsrom til å skape eit godt læringsmiljø. Skulen har gode digitale verktøy, oppdaterte lærebøker og godt utstyr til praktisk og kreativ undervisning.
Hos oss får du:
Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking
Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer
Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar
Fast uteskuledag kvar veke – med læring tett på naturen
Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe
Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026)
Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle vidare skulen som ein profesjonell læringsorganisasjon
Drive utviklingsarbeid
Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel og kvalitet
Ha overordna ansvar for økonomi og personal
Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar
Samarbeide med interne og eksterne aktørar
Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø
Følgje opp prioriterte satsingsområde og avtalar
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning
Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
God innsikt i fagleg og pedagogisk arbeid
Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning
Evnar å engasjere og motivere medarbeidarar
Har god fagkompetanse og tillit i leiarrolla
Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette og foreldre
Er inkluderande og opptatt av fellesskap
Gode samarbeidsevner
Evne til å skape ein god samarbeidskultur
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Har god gjennomføringsevne
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Praktisk informasjon
Det blir kravd politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal
Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot
Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering.
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no.