Ledig stilling:

Rektor - Ulsteinvik barneskule

Søknadsfrist: 13.08.2023

Rektor - Ulsteinvik barneskule 

Ulstein kommune har ledig ei fast 100% stilling som rektor ved Ulsteinvik barneskule. Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar. I tillegg til rektor har skulen ein assisterande rektor og to avdelingsleiarar i leiarteamet. Ulsteinvik barneskule har omlag 460 elevar og 70 tilsette. Her kan du lese meir om skulane i Ulstein.


Arbeidsoppgåver

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 13.08.2023

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Stad: Ulsteinvik

Stillingstittel: Rektor - Ulsteinvik barneskule

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast, 100%

  • Utvikle skulen som lærande organisasjon
  • Skape eit godt læringsmiljø/arbeidsmiljø i samarbeid med tilsette og elevar
  • Sikre godt samarbeid mellom heim og skule
  • Leie og motivere pedagogisk utviklingsarbeid
  • Utøve god personal- og økonomileiing
  • Samarbeide godt med interne og eksterne aktørar
  • Internkontroll og HMS-ansvar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet/høgskule, med krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse
  • Ønskjeleg med leiarerfaring/leiarutdanning
  • Erfaring frå skuleverket
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som:

  • Er utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande
  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
  • Kan engasjere og involvere personale, foreldre og rådsorgan i utviklingsarbeidet
  • Er oppteken av kvalitet og tverrfagleg innsats til beste for eleven
  • Er samlande og trygg , og som ivaretek prinsippet om medverknad

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.

Du må kunne identifisere seg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:

Nyskaping – Omsorg – Rausheit - Mangfald

Vi tilbyr

Gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging. Leiarstøtte frå fagstab og interne tenester.

Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale. Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid.

Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med opplæringslova.

Kontaktinformasjon

Karen Strand, telefon 99412490

Kari Riise, personalleiar, telefon 99268701

Adresse: Bakkegata 31, 6065 Ulsteinvik

Søknadsfrist: 13.08.2023

Søk på stillinga her

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.