Ledig stilling:
Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule
Søknadsfrist: 08.09.2021
Rauma kommune søkjer etter
Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule
I vår naturglade kommune og midt i norges fjelleldorado søkjer Rauma kommune etter ein rektor i 100% fast stilling.
Vår nye rektor vil vere administrativ leiar for Måndalen barne- og ungdomsskule. I administrasjonen inngår det og ein avdelingsleiar. Måndalen skule (1-10) har inneverande år 96 elevar. Opplæringsmål i grunnkretsen er nynorsk. Det vert elles vist til kommunen sine heimesider.
Tidleg i 2022 vil Måndalen få eit nytt flott skulebygg, som skal huse barnesteget, SFO og administrasjonen ved skulen. Ungdomssteget får frå skulestart 2021 ta i bruk eit renovert bygg, som ligg på same området. Som ny rektor ved barne- og ungdomsskulen vil du få moglegheit til å vere med og utvikle skulen i heilt nye bygg, med dei moglegheitene dette gjev for pedagogisk utviklingsarbeid.
Rektor sitt arbeids- og ansvarsområde:
- Fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda
- Deltakar og pådrivar i samhandlinga i ulike samarbeidsfora med elevar, foreldre og lokalsamfunn
- Inngå i leiarteamet til skulesjefen
- Rapporterer til skulesjefen
Vi søkjer ein leiar som:
- Har ambisjonar som skuleleiar
- Har ei strukturert arbeidsform med krav til god kvalitet og resultat
- Er samarbeids- og serviceorientert med tydelig kommunikasjonsform
- Har evne til å myndiggjere, inspirere og motivere medarbeiarane i skulen og SFO
- Er handlekraftig, løysingsorientert og kreativ
- Har høg arbeidskapasitet, halde god oversikt og takle stress i ein travel skulekvardag
- Er ein skuleleiar som kan bygge gode relasjonar til både elevar og medarbeidarar, og som evner å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
- Har relevant utdanning på høgskole- og eller universitetsnivå
- Har rektorutdanning eller anna leiarutdanning på høgskulenivå, eller vere villig til å ta dette innan kort tid
- Har relevant leiarerfaring og praksis frå skule
Vi tilbyr:
- Nært samarbeid med leiarar for dei øvrige verksemder innanfor tjenesteområdet
- Kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning i SPK
Nærare opplysningar om stillinga kan bli gitt ved å henvende seg til skulesjef Aina Øyen Henden på tlf. 48891938 eller på e-post: aina.henden@rauma.kommune.no
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Søknad sendast
Rauma kommune tek berre imot elektroniske søknader. Dette betyr at berre søknader sendt elektroniske vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV med utdanning og kompetanse.
Du kan kontakte lønn-/personal for rettleiing om elektronisk søknad, tlf. 94807867 (tirsdag-torsdag 9-11.30), evt pr. mail lonn@rauma.kommune.no.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, samt at ved tilsetting i stillingar innan barnehage/oppvekst er det krav om politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattest krevjast berre av søkar som får tilbod om stilling, og den skal derfor ikkje sendast med.
Hjemmeside: www.rauma.kommune.no
Kontaktperson:
Skolesjef Aina Øyen Henden
tlf: 48239743
mob: 48891938
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 8. september 2021