Ledig stilling:

Rektor/styrar Skjolden oppvekstsenter

Søknadsfrist: 25.02.2024 

Rektor/styrar

Skjolden oppvekstsenter

  • Det vert ledig 100 % fast stilling som rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter, oppstart så tidleg som mogleg etter 1. mars og seinast frå 1. august 2024

Rektor/styrar er leiar for både skulen, SFO og barnehagen. Som rektor/styrar er du del av leiarkolleigiet i oppvekstsektoren i Luster, som møtest månadleg. 

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane. Kontoret til rektor/styrar har kanskje den finaste utsikta på heile Vestlandet.

Skulen er tredelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 31 elevar på 1.-7. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.

Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar.
Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist:  25.02.2024
Tiltreding:  01.03.2024/ Etter avtale
Arbeidsgivar: Luster kommune
Stad: Skjolden
Stillingstittel: Rektor / styrar
Heltid / Deltid: Heltid
Tilsetjingsform: Fast 

Me kan tilby:

  • Utfordrande og interssante oppgåver
  • Gode kollegaer og eit inspirerande og aktivt nærmiljø
  • Eit utviklingsretta oppvekstssenter
  • Ein kultur for erfaringsdeling og støtte
  • Ein kommune det er godt å bu i
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Me søkjer etter ein leiar som:

  • står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar
  • kommuniserer ope og inkluderande og som skapar gode relasjonar
  • delegerer oppgåver og brukar medarbeidarane sin fagkompetanse
  • gjennomfører utviklingsarbeid i nært samspel med medarbeidarane, elevar og føresette
  • samhandlar godt med laget rundt barnet og med den administrative leiinga i kommunen
  • har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • leiar oppvekstsenteret i samsvar med lovar, avtaleverk og læreplanar

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på:

  • relevant pedagogisk utdanning og praksis. Det er ønskjeleg med vidareutdanning i skuleleiing/administrasjon eller med røynsle som skuleleiar
  • gode leiareigenskapar med evne til målretta og løysingsorientert arbeid
  • eit reflektert pedagogisk grunnsyn
  • samarbeidsevne

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
  • Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju
  • Den tilsette må leggje fram politiattest jf. opplæringslova § 10-9

Kontaktperson:

Knut Åge Teigen, kommunalsjef, mobil  951 47 914,
e-post: knut.age.teigen@luster.kommune.no

Hjemmeside

Søknadsfrist: 25. februar 2024 

Søk på stillingen her

Arbeidsgivar: Luster kommune- Skjolden oppvekstsenter

 Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du her.
Tilgjengelegheitserklæring

Powered by Labrador CMS