Ledig stilling:

Rådgjevar pedagogikk

Søknadsfrist: 09.08.2023

Rådgjevar pedagogikk

Vil du vera med å utvikle pedagogikken som skal utdanne framtidas brann- og redningspersonell?

 

Vi ser etter deg som er oppteken av god undervisning og som stadig jaktar metodar for å skape betre læringsaktivitetar. Hjå oss vert du del av eit lite team som skal bidra til at undervisningspersonell ved skulen er oppdaterte og kompetente, og leverer undervisning av beste kvalitet. Dette skal du gjera gjennom å undervise og rettleia vårt undervisningspersonell, bidra til kompetanseheving, og arbeide med utdanningskvalitet og kvalitetsrapportering knytt til krava frå NOKUT. Du vil få eit særleg ansvar for enkelte fagområde etter din kompetanse, interesse og skulen sitt behov. Sidan vi er ein nyoppretta seksjon, får du høve til å forme både innhaldet i stillinga og arbeidsoppgåvene til seksjonen saman med dine kollegaer.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 09.08.2023

Arbeidsgjevar: DSB - Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Stad: Fjelldal

Stillingsittel: Rådgjevar pedagogikk

Heltid / Deltid: Heltid

Tilsetjingsform: Fast

 Ansvar og arbeidsoppgåver 

  • undervise og rettleie medarbeidarar innan pedagogikk og didaktikk
  • ha medansvar for at BRSK har eit system for kvalitetsarbeid som innfrir krava frå NOKUT 
  • ha eit særskild ansvar for kvalitetsrapportering
  • utforme rutinar og rettleiingar knytt til eksamen, sensur, evaluering og undervisning mm
  • pedagogiske utviklingsarbeid ved skolen 
  • administrative oppgåver knytt til stillinga

 Kvalifikasjonar   

Du må ha: 

  • minimum bachelorgrad i pedagogikk (eller tilsvarande)
  • erfaring frå undervisning og utdanningssektoren
  • mykje god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk

 Personlege eigenskapar:

  • strukturert
  • gode kommunikasjonsevner
  • utviklingsorientert
  • sjølvstendig
  • ansvarsbevisst

 Vi ønsker at du har: 

  • mastergrad i pedagogikk (eller tilsvarande)
  • brei kompetanse med å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning og eksamen
  • erfaring frå kvalitetsarbeid etter NKR 
  • utdanning og erfaring med digitale læringsaktivitetar

 Vilkår 

  • årsløn frå kr 532 200 til 635 400 (lønstrinn 54 - 65) i stillingskode 1434 rådgjevar eller årsløn frå kr 604 900 til 732 300 (lønstrinn 62-73) stillingskode 1364 seniorrådgjevar 
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, høve til å utvikle og påverke eige ansvarsområde og eigen kompetanseutvikling 
  • høve til å ta del i relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak 
  • fleksitid 

 Om seksjonen og stillinga 

Seksjon pedagogikk er ein ny seksjon på Brann- og redningsskulen. Ve er tre tilsette og skal no utvide med ein eller fleire nye kollegaer. Det betyr at du får høve til å vere med å forme stillinga og seksjonen. Vi ønsker difor at du er sjølvgåande og tek ansvar for utvikling og framdrift for eigne arbeidsoppgåver. Som rådgjevar/seniorrådgjevar kjem du til å jobbe tett med faglærarar, rådgjevarar og administrativt personell. Du må dermed vere ein utprega lagspelar. Det overordna ansvaret til seksjonen, er å bidra til at undervisninga på Brann- og redningsskulen er av best mogleg kvalitet. Vi skal ha læringa til studentane og kursdeltakarane i fokus, ved å sørge for at dei som underviser er best mogleg rusta til oppgåva.

 

Om Brann- og redningsskulen 

Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Hovudoppgåva til skolen er å utdanne personell til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Vi tilbyr eit breidt utval av kurs. I 2024 opnar vi ei toårig høgare yrkesretta utdanning på fagskulenivå for dei som skal arbeide på heiltid med førebyggande brannvern/beredskap, eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er inne i ein svært spanande periode med bygging av nytt øvingsfelt og utvikling av det faglege tilbodet. Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Når skulen kjem i full drift, vil har ta imot 160 studentar og om lag 2500 kursdeltakarar i året. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tørre og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld. 

Les meir på: www.brsk.no og www.dsb.no

 

Om DSBDSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

 

 Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.

 Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

 I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise

 Offentleg søkjarliste

Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.

 
 Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du viser både i søknadsbrevet og CV-en korleis kompetansen din oppfyller kvalifikasjonskrava som står i utlysinga. Vi ber om at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Dette gir ein strukturert CV og sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format.

 Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål

Kontaktperson er rekrutterande leiar Olav Dahl, e-post: olav.dahl@dsb.no,
telefon 76 91 90 50, mobil 938  84 056

 Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no.

DSB - sammen er vi forberedt

 Velkomen som søkjar hos oss!

Søknadsfrist: 09. august 2023 

Søk på stillinga her