Ledig stilling:
Rådgjevar for oppvekst
Søknadsfrist: 24.04.2022
Ledig 100% fast stilling som rådgjevar for oppvekst
Vestre Slidre kommune
Vestre Slidre kommune satsar på heilskapande tenestetilbod gjennom heile livsløpet, og slår saman sektorane helse - omsorg og oppvekst - kultur. Den nye sektoren er stor og sammensett med eit stort spekter av tenester. Målsetting er å gje innbyggerena i kommunen heilskapende tenestar uansett alder og behov. For å sikre tverrfagleg samhandling og brei kompetanse til å ivareta tenestelege behov, opprettar kommunen ei ny 100% stillling. som rådgjevar. Stillinga skal ha eit særskilt oppfølgingsansvar for oppvekst og kultur og samstundes sikre samarbeid mellom tenestar og leiarar. Stillinga vil ha ein viktig posisjon i å bistå kommunalsjef i dagleg oppfølging og utviklingsarbeid i tenestane.
Har du lyst til å vera med å bygge opp vår nye organisering? Er du klar for nybrotsarbeid? Då må du søke!
Næraste overordna er kommunalsjef for helse og oppvekst.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar for oppvekst vil du få meiransvar for å:
- saksbehandle innanfor fagfelta med hovudvekt på barnehage, skule og kultur
- bistå i utviklingsarbeid i oppvekst
- utarbeide prosjektplaner og søknader til prosjektmidler saman med tenestane
- legge til rette for samarbeid, kunnskaps- og erfaringsdeling mellom tenestar i helse og oppvekst
- vere støttefunksjon for tenestane
- ivareta daglege administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
Vi søker ein intiativrik, sjølvstendig og strukturert rådgjevar
- relevant høgskole-/universitetsutdanning minimum bachelor
- kompetanse og /eller erfaring frå fagfelta barnehage og/eller skule vil bli vektlagt
- som er godt kjent med kommunal forvaltning, lov- og avtaleverk.
- som har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og gode praktiske ferdigheiter i bruk av ulike datasystem
- erfaring frå tverrfaglig samarbeid er ynskjeleg
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- har god gjennomføringsevne individuelt og i team
- evne til målrettet, systematisk og metodisk arbeid.
- evne til nytekning og gjennomføring av utviklingsprosessar.
- har gode kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilt, har evne til både å jobbe i team og å kunne jobbe sjølvstendig
- evne til å fremme tverrfagleg samarbeid i ulike fagmiljø
- evne til å jobbe med fleire arbeidsoppgaver samtidig
- at du tar initiativ og jobber sjølvstendig
Kjenner du deg att i dette – da vil vi høyre frå deg!
Ved tilsetting vil relevant erfaring, personlig egnaheit og sjølvstendigheit bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Moglegheit for faglig og personlig utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning og forsikringsordningar
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, kommunalsjef Helse og Omsorg,
telefon 61 34 50 12, e-post: Stine.Mari.Skrindsrud.Nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 24. april 2022