Ledig stilling:
Rektor Eikefjord barne- og ungdomsskule
Søknadsfrist: 15.11.2022
Rektor Eikefjord barne- og ungdomsskule
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Stillinga er ledig frå 01.12.2022. Leiinga ved skulen består av rektor, inspektør og administrasjonskonsulent. Rektor sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Eikefjord barne- og ungdomsskule ligg i Eikefjord, som er ein tettstad i Kinn kommune. Skulen er ny (2016) og framstår som ein framtidsretta og moderne skule. Det er gangavstand til varierte naturområde som kan nyttast i opplæringa. Frå Eikefjord er det omlag 25 km til Florø by.
Hausten 2022 har skulen 145 elevar fordelt på 1. - 10. årstrinn, og 28 tilsette. Skulen har også SFO-tilbod med ca 25 elevar.
Eikefjord barne- og ungdomsskule har lærarar med god utdanning i alle fag, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid til beste for elevane si læring. Skulen si målform er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, og personalansvar for skulen sine tilsette.
Som rektor skal du:
- Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål.
- Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
- Leggje til rette for gode læringsprosessar på skulen, der ein set profesjonsutvikling, elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte i sentrum.
- Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
- Vere ansvarleg for at skulen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.
- Arbeide målretta med å inkludere elevar, føresette, tilsette og tillitsvalde i skulen sine utviklings- og avgjerdsprosessar.
- Pårekne å vere koordinator for barn med spesiell oppfølging.
Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
- Godkjent utdanning for tilsetting og undervisning i grunnskulen
- Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som rektorutdanning eller liknande
- Undervisningserfaring frå grunnskule
- Leiarerfaring innanfor grunnskuleområdet
- Økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk
- Forvaltningskompetanse
- Erfaring frå å leie skulebasert utviklingsarbeid
- IKT-kompetanse, og som kan nytte IKT som verkty i arbeidet som skuleleiar
- Kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg
- Kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg
- Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
- Samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for skulen si utvikling og eigenart.
- Lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte.
- Som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
- Som er opptatt av elevane si læring, og er ein pådrivar for å utvikle skulen etter skulens, kommunens og nasjonale mål.
- Som har blikk for skulen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
- Som er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft.
- Som har god systemforståing, god kjennskap til skulen sine styringsdokument, samt HMS-arbeid
- Som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i skulemiljøet og i rektorkollegiet.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingar.
Fagleg leiarfellesskap saman med 11 andre rektorer og 16 styrarar.
Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kolleger.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Lønn etter avtale.
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert
pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3. Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall daglønner.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit, dersom dette ikke kan imøtekommast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Runa Nybakk, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, mobil 482 82 533
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 15. november 2022