Annonsekontakt i HS Media:
Karoline Gran Kluge
Telefon: 40 07 31 25
Malin Holen Bredesen
Telefon: 99 07 14 41
E-post: utdanning@hsmedia.no
Ledig stilling:
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Torvmyrane skule. Som rektor/tenesteleiar vil du og ha ansvar for ein 5-avdelings barnehage. Stillinga er ledig frå 01.10.2024. Leiinga ved skulen består av rektor, inspektør for skule og inspektør for barnehage. Rektor sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Skulen er lokalisert i bydelen Botnaholten/Torvmyrane/Solheim i Florø, og grensar mot variert naturområde i Brandsøyåsen. Skulen vart bygd i 1998, og bygget og uteområdet er utforma med areal tilpassa undervisning for grunnskule- og barnehagedrift i ein organisasjon.
Hausten 2024 vil skulen ha omlag 180 elevar fordelt på 1-7 årstrinn og Innføringsklasse for nyankomne, SFO-tilbod med 70 elevar og barnehageavdeling med 70 barn. Samla ved eininga er det omlag 60 tilsette.
Torvmyrane skule har ulike faggrupper med god utdanning og høg kompetanse. Dei tilsette jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap med felles visjon "Alle barn er alles barn".
Skulen si målform er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innan tildelte rammer. Det ligg og personalansvar for organisasjonen sine tilsette i stillinga.
Som rektor skal du:
Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
Det vil bli lagt stor vekt på det å vere personleg eigna. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingar.
Fagleg leiarfellesskap saman med 10 andre rektorer og 12 styrarar.
Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Lønn etter avtale
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3.
Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall daglønner.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unnateke offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit, dersom dette ikke kan imøtekommast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Runa Nybakk, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, mobil 482 82 533