Ledig stilling:
Rektor - Solevåg skule
Søknadsfrist: 08.10.2023
Rektor - Solevåg skule
Kultur og oppvekst, Sula kommune
I fagre Sula kommune er det ledig 100% fast stilling som rektor/skuleleiar ved Solevåg skule. Solevåg skule er ein barneskule og stillinga er ledig for tiltreding 01.01.24, eller etter nærare avtale.
Som rektor ved Solevåg skule har du overordna ansvar for 215 elevar og 33 tilsette. Det er ein undervisningsinspektør, SFO leiar og merkantil ressurs i administrasjonen til skulen. Kommunalsjef for kultur og oppvekst er rektor sin næraste leiar. Skulen har postadresse Eidsnes og ligg på den indre delen av Sula kommune. Skulen har flott beliggenheit med utsikt over fjord og fjell.
Rektor skal leie det pedagogiske utviklingsarbeidet ved Solevåg skule. Dette arbeidet forgår i profesjonsfagleg fellesskap i fellestid, team og trinn. Arbeidet er i samarbeid med dei øvrige skulane i Sula og ein har felles nettverk på tvers av skulane. Skulane i Sula har fokus på inkludering og arbeid for å bli dysleksivennlege skular inneverande skuleår. Barnehagane og skulane i Sula arbeider også med internasjonalt utdanningssamarbeid.
Digital kompetanse er eit satsingsområdet for heile Sula kommune, også Solevåg skule. Det er 1:1 dekning av læringsbrett i skulen, og alle tilsette har fått kompetanseheving i "Aktiv læring" og korleis nytte digitale hjelpemiddel pedagogisk.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar og personalansvar.
- Økonomi og budsjettansvar.
- Vere ein aktiv deltakar i Kommunalsjefens leiargruppe.
- Delta i kontinuerleg leiarutviklingsarbeid i sektoren.
- Vere ein aktiv pådrivar i både skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid.
- Delta i tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning for tilsetting og undervisning i grunnskulen.
- Tilleggsutdanning innan administrasjon, leiing og eller rektorutdanning
- Undervisningserfaring frå grunnskule, fortrinnsvis barnetrinnet.
- Leiarerfaring innan grunnskuleområdet.
- God økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk.
- God digital kompetanse.
- Må kunne beherske norsk både muntleg og skriftleg. I Sula kommune nyttar vi nynorsk.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Vi ynskjer ar du i søknaden gir uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i ein barneskule.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er:
- Ein motiverande, samlande og tydeleg leiar.
- Er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medvirkning, tek beslutningar og har gjennomføringskraft.
- Er dedikert, har godt humør og er løysingsorientert.
- Vekker tillit og er god i møte med andre menneske, born som vaksne.
- Ein pådrivar for å utvikle skulen og er bevisst skulen si rolle både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø med gode og kjekke kollegaer.
- Ei sentral rolle i kommunalsjefens leiargruppe.
- Ei spennande stilling som vil gi deg gode moglegheiter for vekst og utvikling.
- Tett samarbeid og felleskap med 9 andre leierar i kultur og oppvekst.
- Ein nyleg vedtatt Kultur og oppvekstplan.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Lønn etter avtale.
Kontaktperson:
Hildegunn Pedersen, kommunalsjef kultur og oppvekst, mobil 952 55 964,
e-post: hildegunn.pedersen@sula.kommune.no