Ledig stilling:
Tenesteleiar Barnehage - Bykle kommune
Søknadsfrist: 26. mai 2019
Tenesteleiar Barnehage
«Herleg start på livslang læring»
Er du den nye leiaren vår som vil til topps og som vil vere med å oppfylle visjonen vår?
Bykle kommune har to barnehagar, ein i Bykle med to avdelingar og ein på Hovden med tre avdelingar. Tenesteleiar er leiar for begge barnehagane. Barnehagane har fokus på at alle barn skal få ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik. Stillinga går inn i rådmannen si leiargruppe. Vi ønskjer ein handlingsorientert leiar som er dyktig til å motivere og gjere andre gode og som også har det barnehagefaglege i fokus. Ei spennande og utfordrande leiarstilling.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Søkjarar ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga blir vurdert i forhold til reglene i Offentlegloven. Dersom det etter kommunen sine vurderingar ikkje føreligg en særskild grunn til unntak, vil søkjarlista bli offentleggjort. Søkjar vil i et slikt tilfelle bli kontakta på førehand.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg og administrativt ansvar for eininga si drift og vidare utvikling
- Planlegging, oppfølging og tilrettelegging
- Sakshandsaming og oppfølging av planar innan arbeidsområdet
- Personal- og økonomiansvar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning som barnehagelærar eller anna relevant pedagogisk utdanning
- Ønskjeleg med leiarutdanning
- Erfaring som leiar og erfaring frå kommune, er ein fordel
- Relevant yrkeserfaring
- Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.
Personlege eigenskapar
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- God norsk skriftleg- og munnleg framstillingsevne er ein forutsetning
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen dekkjer eventuelt utgifter til nasjonal styrarutdanning
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Janne Krohn Grimsmo, senior rådgiver, mobil 918 94 302, e-post: jkg@activepeople.no
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 26.05.2019