Ledig stilling:

Rektor ved Farnes skule

Søknadsfrist: 19.03.2020

Rektor ved Farnes skule

Vil du vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Årdal kommune?

Me har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Farnes skule frå 01.08.20. Rektor har også ansvar for skulefritidsordninga ved skulen. I Årdal kommune er det to grunnskular. Farnes skule har ca. 329 elevar og ca. 62 tilsette. Skulen er godt utstyrt for å kunne drive variert og tilpassa undervisningog pedagogisk bruk av digitale verktøy er ein sentral del i skulens verksemd.

Fakta om stilingen

Søknadsfrist: 19.03.2020

Arbeidsgiver: Årdal kommune

Sted: Årdal

Stillingstittel: Rektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift av skulen
  • Personal- og budsjettansvar
  • Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte for alle elevar
  • Sikre godt skule-heim samarbeid
  • Vidareutvikle skulen og samarbeidet i nærmiljøet

Kvalifikasjonskrav

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Relevant undervisningskompetanse
  • IKT-kompetanse
  • Erfaring innan administrasjon eller skuleleiing er ei føremon

Personlege eigenskapar

  • Det er ynskjeleg at rektor
  • er framtidsretta, resultatorientert, strukturert og har evne til langsiktig planlegging
  • er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver
  • er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
  • er god på samarbeid og kan skape gode relasjonar på alle arena
  • er god på formidling bådemunnleg og skriftleg

Me tilbyr

  • Ein variert og utfordrande jobb
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheit for å ta vidareutdanning, td. skulelleiing
  • Gode forsikring og pensjonsvilkår
  • Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtalen

Andre opplysningar

Den som vert tilsett, må leggje fram godkjend politiattest.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdalkommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson

Jan Kåre Stedje, Rektor og skulefagleg ansvarleg, mobil: 91358017, jan.kare.stedje@ardal.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her

Søknadsfrist: 19.03.2020

Arbeidsgivar: Årdal kommune

Årdal kommune: #meirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.

Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.

Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv

kommune.

Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og.

Alle er hjarteleg velkomne til oss!