Ledig stilling:

Ledig vikariat som lærar

Søknadsfrist: 31.07.2022

Ledig vikariat som lærar

Stilling
Åfarnes skole har ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå og med 01.08.22 og til 01.03.23. Det vil vere moglegheiter for forlenging av stillinga.

Arbeidsplassen
Åfarnes skole er ein 1-10 skole, med 124 elevar. Åfarnes skole har kort avstand til fjord og fjell, og har eit flott uteareal med ballbinge og ny klatrepark. Friidrettsbane, fotballbane og gapahuk ligg rett ved skolen, og legg fint til rette for læring ute. Skolen har nynorsk som hovudmål. Skolens visjon: «Trivsel og læring for alle». Vi er ein skole i utvikling med fokus på læringsmiljø og læringsutbytte. Bruk av digitale verktøy og berekraft er viktige utviklingsområde for skolen.

Fakta om stillingen:

Tiltreding: 01.08.2022
Søknadsfrist: 31.07.2022

Arbeidsgivar: Rauma kommune

Stad: Møre og Romsdal, Rauma kommune, Åfarnes
Arbeidsstad: Åfarnes skole, Vollan 8a 6360 Åfarnes
Stillingstittel: Lærarvikariat

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Vikariat

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning 1.-10. trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskolelærar 5.-10.
  • Ønske om brei kompetanse i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
  • God digital kompetanse og god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Relevant erfaring er ønskeleg.

Søkjarar med anna pedagogisk utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar , føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skolens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.

Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktperson: Rektor Idunn Frøyshov Pharo, tlf: 46831669

Heimeside: www.rauma.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 31. juli 2022

Arbeidsgiver: Rauma kommune

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!