Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7. klassetrinn, som starta opp i 2009. Vi er godkjent for 60 elevar, og til å drive etter montessoripedagogikken. Vi har derfor stort fokus på at tilsette skal ha eller få utdanning innan denne pedagogikken. Vi har elles fokus på å bruke fysisk aktivitet og naturen i læringa, og vi har godt samarbeide med «Inn på tunet garden» Akslahaugen gard. Vi er opptatt av å skape gode relasjonar.
Midsund er eit lite øysamfunn, som i januar 2020 blei ein del av Molde kommune. Her bur ca. 2000 innbyggarar. Er du glad i fjell og sjø, så er dette plassen for deg. Her er du omgitt av vakker natur, og gode moglegheiter for friluftsliv og ulike idrettar! Vi har også ein aktiv kulturskule. Du kan sjå meir om skulen og kommunen på facebook og vår nettside. Du kan sjå https:// portalmidsund.no/ for meir info om vårt vakre øysamfunn på Romsdalskysten.