Ledig stilling:
Ledige lærarstillingar i grunnskulane
Søknadsfrist: 01.03.2023
erVi har fleire ledige
lærarstillingar i grunnskulane våre frå 1. august 2023!
Kinn er ein flott kystkommune kor du kan leve urbant i byane Florø og Måløy, eller bu ved naturkreftene heilt ute i havgapet. Med isbreèn i aust, flotte sandstrender i vest, så er Kinn kommune ein variert og mangfaldig kommune.
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ei av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.
Vi søker lærarar med godkjent lærarutdanning. Stillingane
er både faste og vikariat.
Vi tilbyr:
Kinn kommune har for tida kontaktlærartillegg på kr. 35.000, eige kompetanselønssystem som gir inntil kr. 24.000, og mentorordning for nytilsette.
Mer informasjon om stillingane finner du her.
Felles søknadsfrist er 01.03.2023.