Ledig stilling:
Ny utlysing - Lærar
Søknadsfrist: 06.08.2023
Ny utlysing - Lærar
Luster oppvekstsenter har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Komande skuleår har me 43 elevar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.11 av dei i skulen.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling.
Vår visjon: Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon:
Det er ledig 100 % fast stilling som lærar ved Luster oppvekstsenter frå 01.08.2023.
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning som lærar for trinn 1-7, evt lærar 5-10
- Fagønskje: spes.ped, kunst og handverk, basisfaga norsk og matematikk
- Andre med annan relevant utdanning/erfaring kan bli vurderte
- Det kan og bli ledig andre stillingar ved oppvekstsenteret, t.d. miljørettleiar, fagarbeidar, elevassistent. Du er difor velkommen til å søkje sjølv om du ikkje har utdanning/erfaring som lærar
Personlege eigenskapar som me legg vekt på:
- auge for det einskilde barn
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
- gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- kjenner seg heime i visjonen vår
- ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
- evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
Særskild for stillinga:
- Dei tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
- Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju
- Ta kontakt for meir utfyllande informasjon
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Kontaktperson:
Eli Hansen Moen
E-ost: eli.merete.hansen.moen@luster.kommune.no
Mobil: +47 57685920
Heimside: www.luster.kommune.noAdresse: Lustravegen 3300B, 6872 Luster
Søknadsfrist: 6. august 2023
Tiltreding: Etter avtale