Ledig stilling:

Ny utlysing - Lærar

Søknadsfrist: 06.08.2023

Ny utlysing - Lærar

Luster oppvekstsenter har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelte på tre klassar. Komande skuleår har me 43 elevar.

Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.

Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.11 av dei i skulen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 06.08.2023

Arbeidsgjevar: Luster kommune

Arbeidsstad: Luster

Stillingsittel: Lærar

Heltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Vikariat

Vår visjon: Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon:

Det er ledig 100 % vikariat som kontaktlærar ved Luster oppvekstsenter i tida 01.08.2023-31.07.24.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning som lærar for trinn 1-7, evt lærar 5-10
  • Fagønskje: norsk, matematikk, engelsk, begynnaropplæring
  • Andre med annan relevant utdanning/erfaring kan bli vurderte
  • Det kan og bli ledig andre stillingar ved oppvekstsenteret, t.d. miljørettleiar, fagarbeidar, elevassistent. Du er difor velkommen til å søkje også om du har annan kompetanse/erfaring enn lærarutdanning

 Personlege eigenskapar som me legg vekt på:

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

 Særskild for stillinga:

  • Dei tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
  • Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju
  • Ta kontakt for meir utfyllande informasjon 

 Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Kontaktperson: 

Eli Hansen Moen 
E-post: eli.merete.hansen.moen@luster.kommune.no 
Mobil: +47 57685920

Heimside: www.luster.kommune.no
Adresse: Lustravegen 3300B, 6872 Luster

Søknadsfrist: 6. august 2023 
Tiltreding: Etter avtale

Søk på stillinga her

Luster kommune - Luster oppvekstsenter

Luster oppvekstsenter har skule for 1-7.klasse, SFO og barnehage.Skulen er tredelt med 1.-2.klasse, 3.-4.klasse og 5.-7.klasse.

SFO føl skuleåret.Barnehagen har to avdelingar og er godkjent for 36 barn i alderen 0-5 år. Frå hausten 2022 får me i tillegg ei ny, mellombels avdeling.

Luster oppvekstsenter ligg sentralt og flott ved Lustrafjorden i bygda Luster, 45 km frå Sogndal og 15 km frå kommunesenteret Gaupne.