Ledig stilling:
Lærar
Søknadsfrist: 08.08.2023
Lærar
Det er ledig inntil 100 % mellombels stilling som lærar ved Indre Hafslo skule for skuleåret 2023/24.Indre Hafslo skule har komande skuleår 45 elevar frå 1.-7. klasse, og er tredelt. Skulen er del av Indre Hafslo oppvekstsenter som også husar SFO og ein barnehage med to avdelingar.
Ved Indre Hafslo skule er me opptekne av kontinuerleg utvikling av det pedagogiske arbeidet. Arbeidet blir organisert i team på klassenivå og i samarbeid på tvers av klassane med andre lærarar og pedagogiske medarbeidarar.Skulen vart bygd i 2007, har gymsal, kjøken og bibliotek i tillegg til tre klasserom og grupperom. Uteområdet er stort, og i tillegg har me tilgang til eit skogsområde like ved der me har uteskule kvar veke. På grunn av aukande barne- og elevtal er det planlagt ei utviding av oppvekstsenteret. Ombygginga vil etter planen starte komande skuleår.
Om stillinga:
Stillinga kjem i tillegg til sju lærarstillingar. Alle klassesteg kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning som grunnskulelærar. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Me søkjer etter ein medarbeidar som skal vere med og vidareutvikle eit godt og skapande læringsmiljø, der trivsel og god samhandling står sentralt
- Evne til å sjå kvart einskild barn sine behov, og vise fleksibilitet både med omsyn til val av arbeidsmåtar og tilnærming til borna, er mellom dei personlege eigenskapane me ser etter
- Den som vert tilsett skal vere med og halde fast ved kontinuiteten i det gode fundamentet som arbeidet vårt byggjer på, og samstundes vere oppteken av å kome med innspel som kan utvikle drifta vidare i positiv lei
I vurderinga av søkjarane vil me vektlegge dei personlege eigenskapane. Dette vil mellom anna omfatte:
- Evne til å arbeide fleksibelt. Kunne endre eigen praksis ved behov
- Gode samarbeidsevner, fungere godt i team
- Positiv innstilling, med fokus på å finne løysingar for utfordringar som måtte oppstå
- Ha god relasjonskompetanse
- Jobbe systematisk
- Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- Vere fleksibel og skape gode relasjonar til både elevar, foreldre og kollegaer
- Sjå viktigheita av uteaktivitetar
- Takle høgt arbeidspress
Då det er ein viss underrepresentasjon av menn i personalet, vert menn oppmoda om å søkje. Der søkjarar står likt i høve kvalifikasjonar, kan mannlege søkjarar verte føretrekte.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Det må leggjast fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing, jf. opplæringslova § 10-9
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Kontaktperson:
Vegar Hestad Volle
E-post: vegar.volle@luster.kommune.no
Mobil: +47 90847060
Heimside: www.luster.kommune.no
Adresse: Lambhaug 144, 6873 Marifjøra
Søknadsfrist: 8. august 2023
Tiltreding: Snarast