Ledig stilling:
Strand kommune søkjer lærarar
Søknadsfrist: 10.02.2023
Strand kommune søkjer lærarar som vil vera med på utviklinga av Strandaskolen framover!
Lærar
Strand kommune søkjer lærarar som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag, og som vil vera med på utviklinga av Strandaskolen framover. Visjonen vår, som skal synast i alt me gjer, er;
Strandaskolen er kjenneteikna av motiverte og aktive elevar som får utfalda seg fagleg og sosialt i eit inkluderande fellesskap.
Arbeidsoppgåver
Hjå oss vil du vera del av eit kollegialt fellesskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling, både på elev- og tilsettnivå. Utviklingsområda i Strandaskolen sin utviklingsplan er språk og inkludering.
Inkludering er viktig for å læra. Me er opptekne av at skulen skal utvikla eit inkluderande fellesskap som fremmar helse, trivsel og læring for alle. Målet er at alle elevane i Strandaskolen skal erfara at dei er ein del av eit fellesskap og eit støttande læringsmiljø. Dette er ei stor oppgåve som fleire må stå saman om. I Strand kommune gjennomfører me no eit prosjekt som heiter Betre tverrfagleg samhandling og det er utarbeidd ein handlingsrettleiar tilgjengeleg for alle i kommunen som arbeider med barn og unge. Dette prosjektet blir vidareført i åra framover.
Leikbasert læring på småskoletrinnet: 1.trinna i Strandaskolen har starta med leikbasert læring. Det er ein kombinasjon av fri leik og leikbaserte læringsaktiviteter tilrettelagt av vaksne. Studiar viser at det er slik barna lærer best. Målet vårt er at det skal vera gøy å gå på skolen og gøy å lære. Me ønsker ein skolekvardag der alle elevane skal meistre og høyre til. Erfaringane me har gjort oss med leikbasert læring på 1.trinn vil me vidareføre, og ønsker å utvide det til heile småskoletrinnet.
Kvalifikasjonar
Me har behov for lærarar med undervisningskompetanse i grunnskulefaga på 1. – 10. trinn.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.
Hjå oss får du
Arbeida saman med dyktige kollegaer i team.
Arbeida på skular som er digitalt oppdatert i gode skulebygg.
Rettleiing som nyutdanna lærarar.
Tilbod om etter- og vidareutdanning.
Me har 3 barneskular, 2 ungdomsskular og eitt læringssenter med norskopplæring og grunnskule for vaksne. Dersom du ønskjer å prioritera kva skule eller skuleslag du søkjer til, skriv du dette i søknaden.
De finn meir informasjon om skulane på nettsida til Strand kommune.
Me krev politiattest for tilsetting i skulen.
Kontaktpersonar ved skulane:
Nordre Strand oppvekstsenter, Fiskå: Guro Harboe Ur (kommunalsjef Opplæring), tlf. 482 94 603
Fjelltun skole, Jørpeland: Rektor Gerd Næss Barka, tlf. 976 88 317
Jørpeland ungdomsskole, Jørpeland: Rektor Gunn Marte Bull, tlf. 920 54 051
Tau skole, Tau: Rektor Ruth Nina F. Rypestøl, tlf. 974 03 696
Tau ungdomsskole, Tau: Rektor Monica Helgøy, tlf. 91 78 22 07
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 10. februar 2023