Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Inneverande skuleår er det 27 elevar på 1.-7. trinn. Komande skuleår er skulen tredelt, dvs. tre klassar. Barnehagen har denne våren 18 barnehagebarn, men tal barnehagebarn går opp frå hausten. Denne våren er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk barnehage, SFO og skule. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.
Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa.
Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Fakta om stillinga:
Søknadsfrist: 15.06.2023
Arbeidsgjevar: Luster kommune
Stad: Skjoden
Stillingstittel: Lærar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tiltreding: 01.08.2023
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsinformasjon:
Det er ledig 100 % fast stilling som lærar ved oppvekstsenteret
Kvalifikasjonar:
Pedagog med kompetanse 1.-7.trinn
Fagynskje: Begynnaropplæring, engelsk, IKT
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
Gode samarbeidsevner
Kan jobbe systematisk og målretta
Vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
Har høg arbeidskapasitet, gjennomføringsevne, taklar stress og er løysingsorientert
IKT-kompetanse
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.