Ledig stilling:
Kommunalsjef for oppvekst
Søknadsfrist: 15.08.2021
Kommunalsjef for oppvekst, 100% fast stilling
Omtale av arbeidsstaden
Sektor for oppvekst er ein av tre tenesteproduserande sektorar i Midt-Telemark kommune. Sektoren har ansvar for skule, barnehage, senter for kompetanse og inkludering, interkommunalt barnevernteneste og interkommunal PPT.
Kommunen har både private og kommunale barnehagar og ein privat skule.
Kort om stillinga
Kommunalsjefen er leiar for sektoren og medlem av kommunedirektøren si leiargruppe. Nåverande kommunalsjef har gått over i ei anna stilling utanfor kommunen. Vi søker no etter ein ny kommunalsjef for oppvekst. Kommunalsjefen har ansvar for økonomi, personell og fag innanfor sektoren. Til stillinga ligg også rolla som sekretær for det politiske utvalet som er delegert oppgåver innanfor sektoren.
Arbeidsoppgåver
- Leie sektor for oppvekst
- Legge fram saker til politisk handsaming og fylgje opp politiske vedtak
- Ansvar for økonomi, personell og fag
- Overordna utviklingsansvar for sektoren
- Tverrfagleg samarbeid
- Vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe
- Ansvar for et godt arbeidsmiljø i sektoren
Krav til utdanning
- Høgare pedagogisk utdanning
- Formell leiarkompetanse
- Formell kompetanse innanfor økonomi
- Kompetanse innanfor bruk av digitale verktøy
Ønskja kvalifikasjonar
- God evne til å skape resultat gjennom tverrfagleg arbeid
- Relevant leiarerfaring frå oppvekstområdet og trygg utøving av leiarrolla
- Skulefagleg bakgrunn
- God evne til å skape resultat gjennom endringsprosessar
- God evne til partsarbeid
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Personlege egenskapar
- Kommunalsjefen må identifisere seg kommunen sitt verdigrunnlag og ha høg fokus på godt arbeidsmiljø.
- Vere løysingsorientera, ha evne til å fatte avgjerd og til å gjennomføre
- Kunne inspirere
- Ha god evne til kommunikasjon og samarbeid
- Vere fagleg oppdatera, innovativ og kreativ
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet. I intervjuet vil kandidaten bli beden om å kome med referansar til overordna, sideordna, underordna og representantar for dei tilsette.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil få ei oppgåve dei skal svare på.
Særskilt for stillinga
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Den som blir tilsett må kunne legge fram attest frå politiet jf. opplæringslova § 10-9
Den som tilsettast må disponere eigen bil.
Midt-Telemark er ein kommune som har både bokmål og nynorsk som hovudmål. Kommunalsjefen må kunne utrykke seg skrifteleg på begge målformene.
Vi tilbyr
- Travle dagar med spanande utfordringar i eit utviklingsorientera miljø
- Ein arbeidsgjevar som arbeider aktivt for helsefremmande arbeidsplassar
- Løn etter avtale
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Kontaktperson
Per Dehli, kommunedirektør, mobil: 97158788
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 15. august 2021