Ledig stilling:
Kommunalsjef Oppvekst
Søknadsfrist: 08.09.2023
Kommunalsjef Oppvekst
Ålesund kommune
Vi søker ein omstillings- og utviklingsorientert kommunalsjef med brei og allsidig erfaring til å leie eit stort og viktig kommunalområde. Du vil saman med kommunedirektøren og dei tre andre kommunalsjefane ha det overordna ansvaret for heilskapleg og samordna leiing av kommunen. Du vil også vere nærmaste leiar for verksemdleiarane på kommunalområdet.
Vi føreset god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og tenesteyting. Vi forventar at du har høge ambisjonar og trivst med høgt tempo. Vi vil gje deg rom og takhøgde for at du skal lukkast, og du får spennande oppgåver.
Vi vil legge stor vekt på leiareigenskapar, evne til lagspel og evner til å skape arbeidsglede og resultat. Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid etterspørjast som eit ledd i våre ambisjonar om å kontinuerleg auke kvaliteten på tenestene våre, bli meir ressurseffektive, endringsdyktige og samtidig vere ein attraktiv arbeidsplass.
Vi ønsker oss ein kommunalsjef som har relevant utdanning på universitets-/høgskolenivå, god økonomiforståing, og dokumentert leiarerfaring. Den rette personen har stor gjennomføringskraft, er flink til å delegere og er inkluderande, utfordrande og trygg. Analytiske eigenskapar og evne til å sjå heilskap og samanhengar er viktig. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er ein føresetnad.
Kommunalområde oppvekst har i overkant av 1700 tilsette, som er organisert i 9 verksemder, i tillegg til kommunalsjefen sitt team.
Dei åtte verksemdene er:
- Grunnskular og SFO
- Barnehagar
- Vaksenopplæring
- PPT/spesialpedagogiske tenester
- Barnevern
- Familiestøttande tenester
- Avlastningstenester
- Integrering
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å nå politiske mål for området og legge til rette for gode politiske prosessar og avgjersler
- Overordna ansvar for fag, personale og økonomi
- Bidra til tenesteutvikling innanfor eige område, men også på tvers av kommunalområda
- Legge til rette for medbestemming i området
- Drifte innanfor gjeldande lov- og regelverk, kommunale planer og budsjett
- Tett dialog med politikarar, innbyggarar, utbyggjarar og andre aktuelle aktørar om utviklinga av kommunalområdet
- Sikre gode saksframlegg for politisk behandling og representere kommunedirektør i utval som høyrer til området
- Legge til rette for innovasjon i området
- Delta i kommunedirektøren si leiargruppe, samt sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt på tvers av eige kommunalområde
- Bidra til omdømmebygging av kommunen
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne på masternivå
- Relevant utdanning/erfaring innanfor eit eller fleire fagområde som inngår i kommunalområdet er ein fordel
- God økonomiforståing og evne til å leie eit stort og komplekst kommunalområde med mange leiarar
- Erfaring frå leiing med personalansvar
- Kunnskap om kommunalområdet sitt ansvarsområde og dei nasjonale føringane som set rammer for
kvaliteten og driv utvikling av området
Personlege eigenskapar
- Lagspelar og relasjonsbyggar
- Robust og trygg leiar
- Gode strategiske og analytiske evner
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God på bygge tillit, motivere og skape samhandling
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Fleksibel
Personlege egenskaper, gjennomføringskraft og god måloppnåelse vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktperson
Jon Steven Hasseldal
Kommunedirektør
Telefon +47 970 85 250
E-post jon.steven.hasseldal@alesund.kommune.no