Ledig stilling:

Helsetilsynet søker underdirektør

Søknadsfrist: 15.12.2024

Vil du bygge opp og leie ei ny ordning for svært alvorlege saker om barn? 

Nyoppretta eining i Statens helsetilsyn

Helsetilsynet har fått i oppdrag å opprette ei ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker som gjeld barn som har mista livet, eller har blitt utsett for vald, overgrep og grov omsorgssvikt. Undersøkingsordninga skal gjennomgå hendingar for å identifisere systemsvikt på tvers av sektorar ved å kartlegge kva som har skjedd, finne årsaksfaktorar og årsakssamanhengar. Ordninga blir foreløpig etablert som ei eiga eining i Statens helsetilsyn. 

Vi søker nå ein leiar og inntil fire faste medarbeidarar til ordninga. Vi har behov for brei kompetanse innan fleire sektorar. Dei som blir tilsett må ha utfyllande kompetanse og vi vil derfor sjå på stillingane i samanheng når vi vel ut kandidatar. 

Vi søker ein engasjert og dyktig leiar med lang og relevant leiarerfaring. Du vil ha overordna ansvar for å etablere og utvikle ordninga og eininga, leie undersøkingar og formidle funn og anbefalingar. Du vil delta aktivt i alle oppgåver som blir omfatta av ordninga, og vere synleg utad i dialog med ulike aktørar i alle relevante sektorar, samt barn, familiar, andre pårørande og media. Som nyoppretta ordning vil det vere behov for å arbeide med utvikling av ordninga og metodikk for undersøkingar. 

Arbeidsoppgåver

Fakta om stillinga

Søknadsfrist: 15.12.2024
Arbeidsgivar: Statens helsetilsyn
Arbeidsstad: Møllergata 24, 0179 Oslo Stillingstittel:  2024/08 - leiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid

  • leie og utvikle den nye ordninga, og ha personalansvar
  • behandle og følge opp meldingar og annan informasjon om svært alvorlege saker
  • følge med på utviklinga og risikoområde
  • leie og delta i tverrfaglege undersøkingar: 
    • gjennomføre intervju
    • innhente dokumentasjon og kunnskap om fagområde og tema som blir undersøkt
    • analysere data og funn
    • utarbeide rapportar
    • formidle funn og læringspunkt, skriftleg og munnleg
    • ha dialog med fagmiljø, forvaltningsorgan, fag- og brukarorganisasjonar og media

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning på bachelornivå eller høgare 
  • solid og relevant leiarerfaring
  • erfaring med samhandling mellom teneste, enten frå enkeltsaker eller på systemnivå
  • svært god:
    • kunnskap om offentleg forvaltning
    • rolle- og systemforståing
    • erfaring med utgreiings- og/eller forskningsarbeid
    • til å utarbeide klare og gode tekster

Ønskte kvalifikasjonar:

  • erfaring som leiar frå ulike sektorar som gjeld barn og unge, til dømes helse og velferd (som barnevern og sosial), utdanning/skule/barnehage, justis/kriminalomsorg/politi
  • erfaring med tilsyn, etterforsking eller andre former for undersøkingar
  • god kunnskap om relevant regelverk
  • god digital kompetanse
  • erfaring/kompetanse innanfor formidling for å bidra til forbetring og læring
  • erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
  • erfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid
  • erfaring med mediahandtering

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er engasjert og opptatt av barns beste og rettssikkerheit. Du må ha god munnleg og skriftleg formidlingsevne og ei positiv og løysingsorientert haldning. 

Du må 

  • ha svært gode analytiske evner og ha eit overordna perspektiv
  • vere systematisk, strukturert og målretta med god evne til gjennomføring
  • vere i stand til å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
  • ha gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar
  • kommunisere og formidle godt, og vere god til å dele kunnskap, erfaringar og informasjon

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna. 

Vi tilbyr

Lønn for underdirektør: kr 970 000 - 1 100 000. For særs godt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi kan vurdere fleksibilitet når det gjeld arbeidsstad.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.

Kontaktpersoner:

Erik Stene, fagdirektør, mobil 404 90 516
Peter Oftebro Baum, prosesstøtte, mobil 477 51 871, e-post: pba@helsetilsynet.no

Søknadsfrist: 15. desember 2024

Søk på stillinga her

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn jobbar for at befolkninga skal ha gode og trygge helse-, sosial- og barneverntenester når dei treng det. Vi skal styrke tryggleiken og kvaliteten i tenestene, gjennom tilsyn, rådgiving og behandling av klager. Derfor er vi opptekne av at tilsynet endrar seg, i takt med utviklinga i samfunnet og i tenestene. Hos oss får du meiningsfulle oppgåver og dyktige og hyggelege kollegaer med bakgrunn frå helsefag, jus og samfunnsfag.

Powered by Labrador CMS