Ledig stilling:

Einingsleiarstilling for Vaksenopplæring og integrering

Søknadsfrist: 12.05.2024

Einingsleiarstilling for Vaksenopplæring og integrering

Einingsleiar

Vaksenopplæring og integrering er Sunnfjord kommune si fageining i arbeidet med busetjing, integrering og oppfølging av flyktningar. Eininga tilbyr grunnskule for vaksne og norskkurs for innvandrarar. For tida er eininga lokalisert i midlertidige lokale. Det blir arbeidd for å få på plass permanente lokale, i løpet av hausten 2024. Det er tilsett 13 programrådgjevarar og 12 lærarar ved eininga, men tala kan endre seg om det blir behov for å tilsette fleire. Eininga har ein merkantil ressurs på 100 prosent. Leiargruppa er samansett av einingsleiar og to assisterande leiarar.

Sidan 2022 har eininga busett ca. 300 flyktningar. Flyktningane kjem hovudsakleg frå Ukraina. Kommunen har vedteke å busette 120 flyktningar i 2024. Om den samla kapasiteten i kommunen sitt tenestetilbodet er tilstrekkeleg, kan talet aukast opp mot 180 flyktningar. 

Vår nye einingsleiar må vere ein engasjert lagspelar som har evne til å inspirere og motivere. Du må vere ein trygg og tydeleg leiar som er samlande. Gjennom involvering og samarbeid skapar du oppslutnad om mål og prosess fram mot god integrering av flyktningar. Som einingsleiar må du vere førebudd på å arbeidde med eininga si interne organisering og arbeidsfordeling, saman med kommunalsjef.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 12.05.2024
Arbeidsgivar: Sunnjord kommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Eningsleiar
Heltid / Deltid: Heltid
Tiltreding: 01.08.2024
Tilsetjingsform: Fast

Vi søkjer ein einingsleiar som har: 

  • Leiarerfaring
  • Har utdanning på bachelor/ master nivå innafor område pedagogikk, sosialfag, samfunnsfag.
  • Erfaring frå arbeid med integrering og opplæring
  • Systemkompetanse og erfaring frå utviklingsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Arbeidsoppgåver:

  • Resultat- og fagansvar for drift av eininga
  • Personalansvar
  • Økonomiansvar
  • Rapporteringsansvar til kommunalsjef
  • Være pådrivar i utviklingsarbeid og planarbeid
  • Delta i kommunale møter og opplæring
  • Vere ein del av leiarfellesskapet i sektoren skule
  • Oppfølging av rutinar og system og utvikle organisasjonen.
  • Samarbeide med frivilligheita og andre aktuelle tenester

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å leie, rettleie, motivere og utvikle medarbeidarar og team
  • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere
  • Du likar nye utfordringar og har evne til å gjennomføre endringar
  • Vere samlande og inkluderande

Som leiar i Sunnfjord kommune forventar vi i tillegg at du er:

Ein engasjert leiar som er: 

  • Oppteken av fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Lojal i høve politiske og administrative avgjersler
  • Forvaltar fellesskapets ressursar på ein berekraftig måte
  • Modig, prioriterer tydeleg, tar avgjerder og utnyttar handlingsrommet sitt

Ein inkluderande leiar som er:

  • Oppteken av brukarane
  • Ein god rollemodell med høg etisk standard
  • Tydeleg på å kommunisere forventningar, og gir tilbakemelding og ros

Ein nær leiar: 

  • Ser den einskilde, motiverer, viser tillit og gjev ansvar
  • Er tilgjengeleg og til stades

Vi kan tilby:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår.
  • Eit fagleg fellesskap
  • Ein sektor som legg til rette for utviklingsarbeid
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling

Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

Kontaktperson:

Åge Stafsnes, e-post: age.ansgar.stafsnes@sunnfjord.kommune.no, mobil 911 52 211

Hjemmeside

Velkomen som søkar!

Søknadsfrist: 12. mai 2024

Du må søke elektronisk.

Søk på stillinga her

Powered by Labrador CMS