Ledig stilling:

Einingsleiar/rektor på Rauland skule

Søknadsfrist: 12.05.2020

Einingsleiar/rektor

100 % fast stilling som einingsleiar/rektor på Rauland skule frå 01.08.20 - ID 1764

Søknadsfrist: 12.05.20

Rauland skule ligg i eventyrlege naturomgjevnader med fjellområde og friluftslivstilbod. Rauland er eit moderne bygdesamfunn i vekst. Her vert det utvikla høgkompetansearbeidsplassar parallelt med turisme og servicenæringar. Aktivitetar som jakt, fiske, sport, kunst og kultur har særs gode kår.

Rauland skule er ein 1 - 10 skule med omlag 140 elevar og 25 tilsette og er den eine av fire skular i det me kallar Vinjeskulen. Vinjeskulen samarbeider nært og godt under visjonen

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 12.05.2020

Arbeidsgiver: Vinje kommune

Sted: Rauland

Stillingstittel: Eningsleiar / Rektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

«Positive opplevingar og personleg framgang».

Vinje kommune er ein to-nivå-kommune. Einingsleiar har, innan gjevne rammer, fullt fagansvar, økonomiansvar og personalansvar med rapportering direkte til rådmannen. Leiarstillinga på Rauland skule bør vere ein draum for ein visjonær skuleleiar. Her er rammer og tradisjonar for å lukkast! På lag med foreldre, elevar og tilsette kan ein få til det meste.

Me søkjer ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid gjennom ein utviklingsretta arbeidsstil. Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.

Kvalifikasjonar:

•Relevant høgare utdanning og leiarerfaring

•Erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling

•Tydeleg og synleg leiar som motiverer til felles innsats for læring og utvikling

•Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

•Du er modig og har ein leiarstil prega av rausheit, samarbeid og humor

•Rektorskule eller liknande skulespesialisert leiarutdanning vil vere ein føremon

Personlege eigenskapar:

•Ein samlande leiar som lyttar til medarbeidarane sine og utøver tillitsbasert leiing

•Gode evner til å fatte kloke avgjersler med god medverknad

•Interesse for endringsarbeid og stor gjennomføringsevne

•Fleksibel, har godt humør og trivast med varierte oppgåver og tidvis høgt arbeidspress

•Har læringa til elevane i fokus, og god kunnskap om korleis elevsentrert leiing har effekt på elevanes læring

•Har eit positivt elevsyn, gode relasjonar med elevar, tilsette og føresette som vil utvikle ein kultur som gjer at alle elevar opplever tryggleik og inkludering

•Vilje og evne til å vere pedagogisk og administrativ leiar for elevar, tilsette og foreldre

•Jobbar strategisk, strukturert og målretta

•Er ein inspirator og har utprega samarbeidsevner - også på tvers av fagområda

•Har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på

Me kan tilby:

•Konkurransedyktig løn etter avtale

•Fagleg påfyll gjennom målretta kompetanseutviklingstiltak

•Leiarutvikling i kommunens leiargruppe og i nettverk med dyktige skule- og barnehageleiarar

•Gode forsikrings- og pensjonsordningar

•Hjelp til å skaffe rimeleg husvére eller flotte opparbeidde tomter

•Gode barnehagetilbod, kulturskule og idrettslag

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Det er krav om politiattest.

Nærare opplysningar om stillinga ved assisterande rådmann Anders Sandvik, e-post: anders.sandvik@vinje.kommune.no eller telefon 954 07 593

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Søknadsfrist: 12.05.2020