Ledig stilling:
Einingsleiar/rektor
Søknadsfrist: 31.03.2022
Er du på leit etter nye utfordringar innan oppvekstsektoren?
No har du sjansen!
Einingsleiar/rektor
2. gongs utlysing
Suldal kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar/rektor ved Erfjord skule med oppstart etter avtale.
Rektor ved skulen skal gå av med pensjon til våren, difor har me ein spennande leiarstilling ledig.
Informasjon om Erfjord skule:
Erfjord skule ligg flott til ved fjorden. Det er ein 1 -7 skule med omtrent 70 elevar og 12 tilsette. Det er ein skule med engasjerte og kreative tilsette som er interesserte i å vidareutvikla ein god profesjonell praksis ved skulen. Eit av satsingsområda innanfor skulebasert kompetanseutvikling er å vidareutvikla eit trygt og inkluderande læringsmiljø.Me søkjer derfor etter ein rektor som har vilje og evne til å byggja eit godt profesjonsfellesskap og kan samarbeida godt med tilsette, foreldre, elevar, andre skular, skuleeigar og andre kompetansemiljø.
Vidare håpar me at du som ønskjer å søkja denne stillinga
- er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar.
- er ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.
- vil leia ein skule som har som mål å forma elevane til dei beste versjonane av seg sjølv
- ønskjer å samarbeida med alle leiarane i oppvekstsektoren "Suldal for barn og unge" som møtest jamleg i eit profesjonelt læringsfellesskap, og for å støtta deg i arbeidet ditt.
Då er Suldal kommune rett stad å vera.
Ansvar
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen.Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
- Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
- Relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
- Strategisk innsikt og visjonar for skulen sin pedagogiske utvikling.
- Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
- Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
- Innsikt i og evne til god økonomistyring.
- Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
- Søkjarar må disponere eigen bil.
Generelt/Søknad sendast
- Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffa bustad.
- Den som vert tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest.
- Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
- Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med kommunen på tlf. 52 79 22 00.
- Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Her finn du ein smakebit av vår flotte natur og turmoglegheitene.
Kontaktinformasjon
Kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde, telefon 52 79 22 81, mobil 416 92 867
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 31. mars 2022