Ledig stilling:
Rektor / dagleg leiar
Søknadsfrist: 14.06.2020
Ledig rektorstilling/dagleg leiar
100% stilling ledig skuleåret 2020-21, med moglegheit for forlenging og fast tilsetting.
Har du lyst til å jobbe saman med ein stab av engasjerte lærarar, som har fokus på å gi elevane læring i eit trygt og godt læringsmiljø?
Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7.klassetrinn, som starta opp i 2009. Styret har sett eit tak på 50 elevar, fordi vi ønsker å vere ein ganske liten skule. (Vi er godkjent for 60 elevar). Elevtalet har dei siste åra ligge mellom 30 og 40 elevar. Skulen har god dekking av engasjerte lærarar og assistentar med montessorikompetanse. Vi ønsker ein positiv og engasjert dagleg leiar, som er motivert for å jobbe i eit montessorimiljø, og har fokus på vidareutvikling av den flotte skulen som vi er i ferd med å bygge opp!
Ønska kvalifikasjonar:
• Leiarkompetanse—og eigenskap
• Gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevne
• God fagleg kompetanse på budsjett og økonomi
• Fordel med god IKT-kunnskap
• Erfaring frå arbeid i skule (gjerne utdanna lærar / rektor, eller erfaring frå montessori-skule)
Personlege eigenskapar:
• Evne til å bygge gode relasjonar til både elevar, føresette og tilsette
• Fagleg engasjert i montessoripedagogikk, samt evne til å leie vidare arbeid med å ut-vikle skulen i forhold til nye utvikling- og læringsmål, montessoriprinsippa, og i sam-svar med ny læreplan.
• Fleksibel
Lønn etter avtale, og i samsvar med tariff.
Ved tilsetting må ein vise gyldig politiattest.
Søknaden sendast til: post@midsundmontessori.no
Midsund er eit lite øysamfunn som i januar 2020 blei ein del av Molde kommune. Her bur ca. 2000 inn-byggarar. Er du glad i fjell og sjø, så er dette plassen for deg! Her er du omgitt av vakker natur, og gode moglegheiter for friluftsliv og ulike idrettar! Vi har også ein aktiv kulturskule. Du kan sjå meir om skulen og kommunen på facebook og våre nettsider. Du kan sjå https://portalmidsund.no/ for meir info om vårt vakre øysamfunn på Romsdalskysten.
For meir info. : Ta kontakt!
Midsund Montessoriskule: 712 79 965
Rektor; Lillian Blø Rakvåg: 911 90 197
Mail: post@midsundmontessori.no
Søknadsfrist: 14.06.2020. Legg ved minst 2 referansar!