Ledig stilling:
Rektor/virksomhetsleiar
Søknadsfrist: 24.08.2026
Ønsker du ei leiarrolle som betyr noko – både i dag og for framtida? Vi søker rektor til Bykle barne- og ungdomsskule.
Rektor/virksomhetsleiar
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet.
Om stillinga
Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring.
Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbeid med å utvikle framtidas oppvekst- og opplæringstilbod, og blir ein del av eit tett og godt samarbeid med kommunalsjef, barnehage og dei andre leiarane i kommunen.
Kvifor velje Bykle barne- og ungdomsskule?
På Bykle barne- og ungdomsskule får du som rektor moglegheit til å påverke utviklinga av ein heilskapleg 1.–10. skule, samtidig som du har ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Du får leie eit kompetent fagmiljø, bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge og vere med på å utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet.
Hos oss får du:
Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking
Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer
Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar
Gode moglegheiter til å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen
Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe
Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026)
Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle vidare skulen og vaksenopplæringa som ein profesjonell læringsorganisasjon
Drive utviklingsarbeid og bidra til høg kvalitet i undervisninga
Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel, læring og kvalitet
Ha overordna ansvar for pedagogisk utvikling, økonomi og personal
Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar
Samarbeide med interne og eksterne aktørar
Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø
Følgje opp kommunen sine prioriterte satsingsområde
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning
Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
God innsikt i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
God forståing for økonomi og organisasjonsutvikling er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning
Evnar å motivere, engasjere og utvikle medarbeidarar
Har god fagkompetanse og skaper tillit i leiarrolla
Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette, deltakarar og foreldre
Er inkluderande og opptatt av fellesskap
Har gode samarbeidsevner
Evnar å skape ein god samarbeidskultur
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Har god gjennomføringsevne
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Praktisk informasjon
Det blir kravd politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal
Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot
Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering.
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no.
Bykle kommune som arbeidsgivar
Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningar
Kommunen har om lag 190 tilsette
Det er kort avstand mellom leiar og tilsett
Kommunen er ein IA-bedrift
Sted: Bykle Barne- og ungdomsskule, Sarvsvegen, Bykle
Søknadsfrist: 24. august 2026