Fjellgardane skule på Hovden og Bykle barne- og ungdomskule i Bykle
Vi søker etter 2 rektorar, ein til Fjellgardane skule og ein til Bykle barne- og ungdomskule
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle barne- og ungdom skule ligg i flotte omgivnader i Bykle kyrkjebygd i Setesdal, og er ein 1 - 10 skule og har omlag 60 elevar. Bykle kommune har gode skular og ønskjer oss rektorar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mulegheit for uteundervisning. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og innsikt i administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk.
Fakta om stillingen:
Søknadsfrist: 05.04.2021
Arbeidsgivar: Bykle kommune
Sted: Bykle
Stillingstittel: Rektor
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Arbeidsoppgåver
Fag-, økonomi og personalansvar
Samarbeid med interne og eksterne aktørar
Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Vere ein pådrivar og leie utviklingsarbeidet på skulen
Følje opp dei avtalane og satsingsområda skulane har
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Relevant pedagogisk utdanning/lærarutdanning
Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
Ha god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
Leiarerfaring er ein fordel
Søkjarane må ha god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosessar og involvering av medarbeidarar
God fagkompetanse og legitimitet
Evne å vere tydeleg, demokratisk, sjølvstendig, trygg og modig.
Positiv og fleksibel
Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide
Vi tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
God pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Bedriftsleilighet i Kristiansand
Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette.