Ledig stilling:
Leiar av PP-tenesta 100% fast stilling - Eining Barn og familie
Søknadsfrist: 24.10.2021
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar på Husnestunet på Husnes.
Leiar av PP-tenesta 100% fast stilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommunen har ledig 100% fast stilling som leiar av PP-tenesta frå snarast. Leiaren er avdelingsleiar i eininga Barn og familie.
Kvinnherad kommune ynskjer ei teneste med stort fokus på systemretta arbeid mot barnehagar og skular, og er ein viktig støttespelar i utvikling av oppvekstsektoren i kommunen. Tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og førebygging vil vera sentralt fokus for leiaren som vert tilsett.
PPT-leiar vil ha det daglege fagansvar og personalansvar. I tillegg inneber stillinga oppgåver knytt til sakshandsaming som PP-rådgjevar, både på system- og individnivå. Som ei del av ei større eining vert det forventa tett samarbeid med andre tenester.
Kommunen har Betre tverrfagleg innsats (BTI-modellen) som fundament i vårt arbeid.
Kvalifikasjonar
Pedagogisk-psykologisk kompetanse på master/hovudfagsnivå. Andre med brei spesialpedagogisk/pedagogisk bakgrunn kan bli vurdert.
- Erfaring frå arbeid med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling i skule og barnehage.
- Kompetanse og erfaring frå både leiing og arbeid innan spesialpedagogikk.
- Erfaring frå praksisfeltet.
Personlege eigenskaper
Det vil bli lagt avgjerande vekt på personleg eigenskapar
- Tydeleg leiar
- Utviklingsorientert
- God arbeidskapasitet
- Evne til å leia og motivera medarbeidarar
- God organisasjonsforståing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Evne til å vera handlingsretta
- Eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
- Gode evner til å uttrykkja seg skriftleg og munnleg
- Gode, grunnleggande datakunnskapar
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Fagleg og personleg utvikling.
Fleksibel arbeidstid.
Oppfølging og støtte frå leiinga.
Løn etter avtale.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Kontaktperson
Sturla Helland, einingsleiar, e-post: sturla.helland@kvinnherad.kommune.no,
mobil 970 24 320
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist : 24.10.2021